Ei religions-hermeneutisk tilnærming til fagområdet

Religionshermeneutikk 3: Ei religionshermeneutisk tilnærming til fagområdet

 

Våren 2023 gav Øystein Brekke, professor ved OsloMet, ut boka Religionshermeneutikk. I boka argumenterer han for ei fleirfagleg, konglomerativ, tilnærming til religion og livssyn i skulen - og for at skulefaget må ha ein livssynsopen fagontologi. Denne episoden er den andre samtalen Øystein har med Inge om tankane i boka. Målet er både å opne opp diskusjonane i boka for fleire, og å kunne gå djupare inn på det som vert diskutert.


Dersom du har spørsmål, innspel, kritikk eller kommentarar til episoden kan du sende dei til krlepodden@outlook.com

Her er eit knippe lenker og lesetips for lyttarar som vil gå meir inn i stoffet frå episoden

Store norske leksikon om Paul Ricoeur.

Andreassen, Øyvind Soltun og Jørgensen, Camilla Stabel (2022). «Et ressursperspektiv på uenighet. Analyse av kjerneelementet Utforsking av religioner og livssyn med ulike metoder.» Prismet, 73(2–3), 23–49. https://doi.org/10.5617/pri.9696

Anker, Trine (2018). «Hvordan utforme kjerneelementer i KRLE / Religion og etikk?» Religion og livssyn. Tidsskrift for religionslærerforeningen i Norge, 30(1), 2–3.

Brekke, Øystein (2016). «Arkeologi og teleologi. Paul Ricoeurs dialektiske kulturteori.» I M.P. Clausen og L. Sandbeck (red.), Og teologi. Festskrift til Carsten Pallesen (51–73), Eksistensen. https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/handle/10642/4274

Brekke, Øystein og Æsøy, Knut Ove (2023). «Livsmeistring og livsmeining: KRLE som undringspraksis.», side 87-100 I: Folkehelse og livsmestring - med utgangspunkt i fagene. Universitetsforlaget.

Krogseth, Otto (2009). «Religion og kultur. Forsøk på en forholdsbestemmelse.» I A. Brunvoll mfl. (red.) Religion og kultur. Ein fleirfagleg samtale (32–45). Universitetsforlaget.

Gilhus, Ingvild Sælid (2009). «Hva er religion i dag? Religionsbegrep og religionsvitenskap.» I A. Brunvoll mfl. (red.) Religion og kultur. Ein fleirfagleg samtale (19–31). Universitetsforlaget.

Skeie, Geir (2006). «What do we mean by ‘religion’ in education? On disciplinary knowledge and knowledge in the classroom.» I K. Tirri (red.) Religion, spirituality and identity (85–100). Peter Lang Publishing Group.

Øystein si bok finn du her: https://www.universitetsforlaget.no/religionshermeneutikk

Øystein har og laga ei religionsfagleg og religionsdidaktisk studentordliste. Der kan du finne forklaringar på mange av omgrepa vi brukar i samtalen.

Sitatet som opnar episoden er frå Otto Krogseth sitt kapittel frå 2009. Det står på side 164 i boka til Øystein og er i sin heilskap som dette: “Kultur og religioner er ikke «første ordens»-størrelser, der begreper avbilder eller representerer foreliggende forhold, tilgjengelig for direkte observasjon. I stedet har vi å gjøre med abstrakte, konstruerte «andre ordens»-størrelser, diskursbegreper der meningsinnholdet ikke er tilgjengelig uavhengig av «sekundære», forskjellige og kontekstbaserte forhandlinger omkring begrepene.” (Krogseth 2009: 33).

Musikk av Lee Rosevere

«Thought Bubbles»
https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/

«All the Answers»
https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/